img_3670
Deltakerne fra vårt biskopsområde.

Frå ny visjon til nye måtar å skape kyrkje

Erfaringar frå Council of Bishops’ Leadership Gathering i Calgary.

Tekst og foto: Sunniva Hustoft

 

Metodistkyrkja skal forme disiplar som gjennom den Heilage Ande elskar frimodig, tener med glede, og leier med mot, seier visjonen til United Methodist Church – som me er ein del av. Den nye visjonen, som kom i fjor, er ein del av satsniga på utvikling og fornying av kyrkja vår. 

For å jobbe vidare med korleis me vil forme framtidas kyrkje, inviterte alle biskopane i vår verdsvide kyrkje til ein Leadership Gathering denne hausten. 20.-24. oktober samla om lag 280 personar seg i Calgary, Canada for fire dagar med spanande føredrag, bønn og heilage samtaler. Målet var å utforme anbefalingar til initiativ, tiltak og fokusområde for å skape ei kyrkje som er nær folk og open for alle.

Frå Nord-Europa og Ukraina dro biskop Knut Refsdal saman med Darya Zhukovska,Bjørn Martin Broback, Sunniva Hustoft, Anne Thompson, Louise Aaen og Christian Alsted. Totalt var me ca 20 personar frå Europa som deltok. Me blei delt inn i ulike covenant groups (smågrupper) som skulle diskutere og komme fram til anbefalingane. I gruppene var det blanding av folk frå ulike delar av verda, både lekfolk, prestar, diakonar og biskopar, og omlag ⅓ av dei inviterte er folk under 35. Kvar gruppe besto av ca 15-20 personar, og valde kvar sin ordstyrar og referent.

Det var også ein moderator i kvar gruppe, som hadde ansvar for å både kartlegge kva grupper folk som pratar mest – og bidra inn for å gjere samtalen mest mogleg likestilt mellom folk med særs ulike verv, ansvar, erfaringar frå kyrkja med meir. Moderatoren var ein viktig nøkkelspelar for å få fram stemmer til dei av oss som kanskje prater mindre i slike grupper, f.eks. unge, lekfolk, og folk med ulik minoritetsstatus. 

I løpet av veka fekk me høyre mange spanande foredrag og preiker. Blant anna ga Derrick Scott III særleg oss lekfolk ein inspirerande start, kor han minna oss om at me alle har ei viktig stemme og viktige ansvar – rett og slett at me alle er ein stein som byggjer Guds hus på jorda vår. Anne Thompson hadde to gode innlegg om å byggje unge leiarar i kyrkja, kor ho blant anna delte både forsking, og ei historie om ein ung gut som gjennom rolla som kyrkjevert klarte å møte barn på ein meir inkluderande måte. 

Mange av foredraga var universelt nyttige uavhengig av kor me er frå, men det er samtidig synleg at fleire hadde eit underliggande amerikansk perspektiv. Dette med å fremje fleire stemmer frå andre plassar enn USA var eit viktig samtaleemne, både for amerikanarar og oss frå andre område. Det vil du også sjå spegla i fleire av anbefalingane som du finn her. 

Gjennom veka hadde me mange diskusjonar i vår gruppe, der me først skulle peike på realitetar og utfordringar kyrkja vår står i i dag, dernest beskrive ønskja framtid, og til slutt gi anbefalingar for korleis me faktisk får den ønskja framtida til å skje. Dette var krevjande men godt arbeid, som gjorde at me nå har fått dokumentert mange av dei uskrivne sanningane om United Methodist Church som me ofte diskuterer i Noreg, vårt biskopområde, og elles i UMC globalt. 

Me vil varmt anbefale dykk å følge med på UMCom sine publiseringar av videoane – som etter kvart kjem delt opp i eitt og eitt innlegg. I tillegg vil me som deltok gjerne dele meir om kva me har lært og opplevd på turen vår til Calgary. Du er hjarteleg velkommen til å ta kontakt med ein av oss for å høyre meir, eller invitere oss til å dele i din lokale kyrkjelyd. 

Anbefalingane som kom ut av samlinga vår i Calgary er også nyttig og god lesing. Kanskje jobbar du, di gruppe eller din kyrkjelyd alt med noko som rører ved anbefalingane? Her vil hovudstyret i Metodistkyrkja i Noreg gjerne lære meir om kva de gjer – eller kva de nå vil gjere, basert på tilbakemeldingane frå Calgary-samlinga. Council of Bishops vil ha samlinga som eitt av hovudpunkta på sitt møte denne veka.

Biskop Knut og alle som deltok ser fram til å jobbe vidare med kunnskapen frå Calgary. Me håpar og trur du vil vere med oss på laget!