En relevant, åpen og vital kirke, hvor mennesker finner tro og tilhørighet, og utrustes til tjeneste som Jesu etterfølgere

Forsiden>Kallspreken

Kallspreken

23.06.2008
Thor Bernhard Tobiassen talte over 1 Sam 3, 6-10 og Joh 1, 35-39 under høytidssesjonen på lørdag.
Kallspreken


















Pastor Thor Bernhard Tobiassen holdt kallsprekenen lørdag.




Metodistkirkens Årskonferanse 21. juni 2008

Kallsgudstjeneste

Thor Bernhard Tobiassen        



Tekst: 1 Sam 3,6-10:
Då ropa Herren ein gong til: "Samuel!" Og Samuel stod opp og gjekk inn til Eli og sa: "Her er eg. Du ropa på meg." Men Eli svara: "Nei, eg ropa ikkje, guten min. Gå og legg deg, du!" Samuel kjende ikkje Herren, for Herrens ord var endå ikkje openberra for han.  Så ropa Herren tredje gongen på Samuel. Og han stod opp og gjekk inn til Eli og sa: "Her er eg. Du ropa på meg." Då skjøna Eli at det var Herren som ropa på guten.  Og han sa til Samuel: "Gå og legg deg! Og ropar han på deg att, skal du svara: Tala, Herre, tenaren din høyrer!" Så gjekk Samuel og la seg i romet sitt.   Då kom Herren og stod framføre han. Han ropa som før: "Samuel, Samuel!" Og Samuel svara: "Tala, tenaren din høyrer!"

Joh 1,35-39:
Dagen etter stod atter Johannes der med to av læresveinane sine.  Då såg han Jesus koma gåande og sa: "Sjå, der er Guds lam!" Dei to læresveinane høyrde kva han sa, og fylgde etter Jesus. Jesus snudde seg, og då han såg at dei fylgde etter, sa han: "Kva vil de?" Dei spurde: "Kvar bur du, rabbi?" Rabbi tyder lærar. "Kom og sjå," svara Jesus. Så gjekk dei med han og såg kvar han budde; og dei vart verande hjå han den dagen.



Forteljinga om Samuel i tempelet var den første teksten frå Bibelen som dukka opp i tankane mine då eg tok til å arbeide med denne prekenen. Slike impulsar avspeglar gjerne fundamentale syn og grunnstrukturar som ein er berar av. Av og til er dei greie å forholde seg til. Andre gonger har dei godt av å kome fram i dagslyset og bli sett på. Den prosessen det førte til i dette tilfellet, skal få liggje. I staden skal eg peike på nokre moment som etter kvart har utkrystallisert seg.

I forteljinga møter vi Guds tale. Gud talar direkte frå der han er og inn i denne verda. Samuel høyrde stemma, svarte og fekk tilsvar. Det gjekk føre seg ein dialog. Ein dialog mellom denne verda og Guds. Og denne dialogen vart eit utgangspunkt for det som skulle bli Samuel si livsgjerning.
For meg er det tre hovudtrådar som har kome til syne:
      1) Guds stemme
      2) Guds utfordring
      3) Guds bodskap.

Guds stemme
Guds stemme hadde ikkje blitt høyrt på lang tid då Samuel blei vekt opp om natta. For nokre er det eit poeng. For nokre blir nøkkelen til tolkinga domsprofetien som følgjer. Men for meg ligg tyngdepunktet i at Guds stemme av og til bryt gjennom muren av det stille. Den høyrest av nokre, men slett ikkje av alle.

Eg trur at Guds stemme kan bryte gjennom og inn i mi tid og i mi verd, rett og slett fordi eiga erfaring ikkje kan forståast på annan måte. Guds stemme kom på eit tidspunkt der eg trengte det. Ikkje for å dømme meg eller nokon andre. Ikkje for å føre meg over frå dei ufrelste til dei frelste, men for at eg skulle kjenne meg trygg på at han var der eg var - fordi han alltid hadde vore der. Med det som fundament starta ein prosess som mange år seinare gjorde det mogeleg å kome tilbake til der eg hadde forsøkt å vere og der eg no er som prest.

Men om eg trur at Guds stemme kan bryte gjennom, ser eg også at Guds måte å utfordre menneske på, er langt meir mangfaldig. Og vi kan ikkje forenkle kallet til alltid å ta utgangspunkt i at Guds stemme skal og må lyde slik han gjorde for Samuel.
Det ser vi når vi undersøker det nye testamentet. Her var det eit menneske som tala til fiskarane og tenestemannen i det offentlege, og utfordra dei. Ingen av dei møtte kallet som ein tale ut frå det ukjende.

Guds kall kan kome gjennom eit menneske, ein situasjon eller tilhøve ein observerer. Det treng ikkje vere framført med manande ord. Det var gjennom spørsmålet frå Are Blomhoff at det blei lagt til rette for ein konkret valsituasjon, og at eg kunne svare ja, ikkje bare overfor Gud, men også overfor menneske.

Guds utfordring
Det andre momentet er ikkje den einaste utfordring Gud stiller oss overfor, men handlar om eitt punkt som er blitt tydeleg for meg. Ei utfordring er å ta stilling til og reagere i forhold den situasjonen ein er konfrontert med. I så fall blir det viktig å gjenkjenne, beskrive og gjennom det - så langt det let seg gjere – forstå situasjonen. Guds utfordring til oss her, er knytt til å kunne forstå vår eiga tid og vår eigen situasjon.
Mens Eli lurte på kva Gud sa, finst det dei som lurer på kor Gud er. Dei som lurer finst ikkje alle der ute, men ofte blant dei nære. Men til nå har vi tenkt at det i alle fall er ein stad Han slett ikkje kan vere - i det sekulariserte. For det sekulariserte er pr definisjon eit område av samfunns- og kulturlivet der Gud er borte. Dette området er faktisk blitt til for at det skal vere religionsfritt og frigjort.

I tråd med denne tanken er sekularisering eit fy-ord, eit negativt ord som nesten er på line med eit bannord. Det står for avkristning og det som verre er. Så syner det seg likevel at området vi brukar ordet om, ikkje er slik som vi har meint det etter definisjonen skal vere. Det sekulariserte vesten er noko anna enn det sekulariserte Iran eller India. Difor er ikkje det sekulariserte lenger eit almengyldig omgrep for det religionsfrie. Det er ikkje slik at same kvar du kjem i verda og brukar ordet sekularisert så legg alle det same i det. Ei rekkje forskarar har difor teke til orde for at ordet må omdefinerast. Det må få eit innhald som er betre i samsvar med det ordet skal seie noko om. Det kan ikkje lenger stå for det religionsfrie. Det må stå for noko som har ein relasjon til det religiøse.

Som om ikkje det er nok, syner det seg at den Gud eg trur på, heller ikkje er blitt borte frå dette same området. Både religiøse symbol og riter er i høgste grad levande, og midt mellom desse som pr definisjon skulle vere utan Gud og utan håp, står det fram menneske som trur på Gud.

For meg som metodist, er det ei stadfesting av at Gud er til stades over alt med sin nåde. Han skapar tru der mennesket ikkje trudde det var mogeleg. Gamle Wesley sine tankar om nåden gjer det mogeleg å forstå at dette kan skje.

Nyoritenteringa som må til i høve det sekulariserte, blir ikkje mindre vanskeleg ved at vi også må ta inn over oss at sekularisering er noko vi er medskuldige i. (Dette har eg blitt klår over gjennom det arbeidet eg har gjort med mastergradsoppgåva.)  Vekkingsrørslene på 1800-talet var ein del av moderniseringsbølgja der sekulariseringa var ein konsekvens. Ved å understreke at hos oss var den rette sanninga å finne medan det som låg utanfor var eit område der Gud ikkje var, forma vi og underbygde tanken om det sekulariserte.
Guds utfordring er å erkjenne at Han alt er i arbeid med sin nåde der vi ikkje trudde han var og å møte menneske med mange ulike former for bakgrunn og livserfaring for å styrke relasjonen menneske imellom og mellom menneske og Gud.

Guds bodskap
Det tredje momentet eg vil dra fram, knyt eg til Johannesevangeliet (Joh 1,35-39) si skildring av læresveinane som slutta seg til Jesus. Dei kom til han fordi Døyparen hadde peika han ut. Dei vart med til der han budde. Han hadde eit hus, eit rom som han overnatta i. Ein stad som han kanskje leigde, eller som nokon gav han plass i. Her opna han opp for og tok imot desse to.

Han stilte ingen vilkår. Han spurte ikkje om tru eller kva dei trudde på. Han tok imot og det blei vegen inn i det nye og frigjerande. Det dei vart møtt med, var openheit og kjærleik.

Guds kjærleik
Dette momentet – kjærleiken, Guds kjærleik - understreka Jesus som sjølve samlingspunktet i forholdet til Gud. «Du skal elske Herren din Gud, av heile ditt hjarte… » Kjærleiken var bæreelement i forkynninga og praksisen han stod for i møtet med medmenneske - «Du skal elske nesten din som deg sjølv». Ein kjærleik som var så altomfattande og så djuptgripande at han let menneska få lov til å henge han på ein kross. Ein kjærleik det er umogeleg å følgje etter han i å leve ut.

Guds kall omfattar det å søkje inn til ein ressursbase der Jesus er, for å kunne la den kjærleiken han viser, få lade våre batteri slik at dei kan stråle ut litt av energien dei får av han, mot den andre, mot medmennesket vi igjen står overfor; dei menneske som finst her ikring meg i mitt daglege liv. Menneske som forstår seg sjølv og vår tid på ein måte som kanskje ikkje heilt går i hop med det vi har vore vane med å tenkje.

Det er menneske som Gud arbeider i forhold til og med. Han søkjer menneske og lar seg finne. Menneske som treng å få stadfesta at  lengt og erfaringar i møte med Gud, er den Evige sitt svar. Gjennom støtte og ved å gå vegen saman med den andre kan deira tru styrkast og livet vokse til Gud vår Far si ære.

Amen








NYESTE ARTIKLER
Mens vi nærmer oss den ekstraordinære generalkonferansen i februar 2019, sier biskop Christian Alsted at veien frem som en samlet kirke er å forbli i dialog med hverandre. Les mer
Her er programmet. Les mer
Sommerens høydepunkt venter på deg Les mer

NETTREDAKTØR

Karl Anders Ellingsen

© 2012 Metodistkirken i Norge.
All rights reserved.

Metodistkirkens logo - korset og flammen - er et internasjonalt registrert varemerke.

ORGANISASJONSNR. (HOVEDNR)

974 230 887

E-post: hovedkontoret@metodistkirken.no

Bankgiro: 8220.02.83747

METODISTKIRKENS HOVEDKONTOR

Postadresse: Postboks 2744 St. Hanshaugen, 0131 OSLO

Kontoradresse: Akersbakken 37, 0172 OSLO

Tel: 23 33 27 00

Powered by Cornerstone